Топ-100
Back

ⓘ Magne Fagerheim var ein norsk adjunkt, lokalhistorikar og SV-politikar. Han var frå Dale i Fjaler kommune. Fagerheim var lærar ved Falchs Pensjonat- og Middelsk ..




                                     

ⓘ Magne Fagerheim

Magne Fagerheim var ein norsk adjunkt, lokalhistorikar og SV-politikar. Han var frå Dale i Fjaler kommune. Fagerheim var lærar ved Falchs Pensjonat- og Middelskole, og dreiv saman med brørne Oddleif Fagerheim og Sverre Fagerheim Sunnfjord Gymnas i tida 1943-1951.

Fagerheim har vore medforfattar av bygdeboka for Fjaler. Saman med Magne Bøtun skipa Fagerheim i 1965 fylkesavdelinga av Sosialistisk Folkeparti, som i 1974 gjekk inn i SV.

Han var leiar av Fjaler Sogelag og i styret i Sunnfjord Sogelag i mange år.

Magne Fagerheim var son til Ragnvald Fagerheim og bror til Oddleif Fagerheim.

                                     

1. Bibliografi

Bøker

  • 1998 – "Kjeldene fortel": "Born av deim som bygde landet er på tuftom enno til" Flekke: Fjaler sogelag
  • 1990 – Fjaler helselag 1915 - 1990 Dale: Fjaler helselag. ISBN 82-992187-0-5 I fulltekst ved nb.no
  • 1976 – Fjaler: gards- og ættesoge. Bind 1. Holmedal sokn Dale: Fjaler sogelag
  • 1998 – Pensjonatskular i Fjaler gjennom 100 år Dale: Fjaler kommune. ISBN 82-994876-0-9 I fulltekst ved nb.no