Топ-100
Back

ⓘ Johs. Andenæs. Johannes Bratt Andenæs, kjend som Johs. Andenæs var ein norsk jurist med doktorgrad. Han var professor i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo og ..




Johs. Andenæs
                                     

ⓘ Johs. Andenæs

Johannes Bratt Andenæs, kjend som Johs. Andenæs var ein norsk jurist med doktorgrad. Han var professor i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo og ein av dei leiande juristane i Norge.

                                     

1. Virke

Andenæs har blitt ståande som ein nestor innan norsk juss, spesielt strafferett, straffeprosess og statsrett var hans fagfelt. Ein periode etter andre verdskrig var han konstituert dommar i Høgesterett. Standardverket innan statsrett, Statsforfatningen i Norge, skreiv han på ein dorull medan han sat på Bredtveit fengsel under andre verdskrig. Eit anna verk av sentral betydning er boka Alminnelig strafferett 1. utgåve 1956, som lenge var pensum ved dei juridiske fakulteta. Han vart i 1943 dr. juris på avhandlinga Straffbar unnlatelse.

Andenæs var ein sentral person under landssvikoppgjeret etter krigen, eit emne han skreiv om i boka Det vanskelige oppgjøret utgitt i 1979. Ifølge Statsborgarlova av 1924 hadde ei norsk kvinne gift med utlending, sitt norske statsborgarskap så lenge ho var busett i Norge. Men i 1946 vedtok Stortinget ei provisorisk anordning som fråtok norske kvinner statsborgarskapet om dei hadde gifta seg med ein tyskar i krigsåra. I odelstingsproposisjon nr 136, føredregen av Jens Chr. Hauge, vert dette grunna med at krigsbrura hadde "opptrådt på en høyst uverdig måte" ved å gifta seg med eit medlem av okkupasjonsmakta. Om dette skrev Andenæs i Verdens Gang same år: "Man utviser ikke landssvikere, ikke tyskertøser og deres barn, bare akkurat denne kategori som har fått sitt forhold legalisert ved ekteskap, og deres barn. Hvis man sier at det å gifte seg med en tysker er et så uverdig forhold for en norsk kvinne at hun bør miste sitt norske statsborgerskap og utvises, må det være like uverdig for en norsk mann å gifte seg med en tysk kvinne." Faktum var at 28 norske menn hadde gifta seg med tyske kvinner i krigsåra. Desse vart aldri truga med deportasjon.

Andenæs sine skrift vert ofte nytta som referanse av dei prosederande partar, såvel som av domstolane sjølve.

I 1986 vart han utnemnd til kommandør med stjerne av St. Olavs Orden.

Boka Det vanskelige oppgjøret vart kåra til beste sakprosa-utgjeving etter andre verdskrigen i Noreg i emnet krigshistorie i radio-programmet Faktasjekken på NRK P2 15.juli 2017. Røystinga var eit samarbeid mellom Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening og NRK.

                                     

2. Liv

Johs. Andenæs var bror av forleggjaren Tønnes Andenæs og Erling Rye Andenæs motstandsmann under krigen. Dei stammar frå garden Andenes i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane. Far hans, Mads Andenæs 1855-1942 var i seksten år prest i Miner County i Sør-Dakota på slutten av 1800-tallet, deretter var han sokneprest i Innvik prestegjeld. Johs. Andenæs vaks opp på prestegarden i Innvik. Broren Sigurd overtok garden som faren Mads hadde kjøpt i Sør-Dakota.

Johs. Andenæs gifta seg i 1939 med Ida Johanne Andenæs, fødd Røren 19. juni 1913-3. mai 2008. Dei fekk fire barn saman, deriblant jusprofessor Mads Henry Andenæs og Aftenposten-journalist Ulf Andenæs.

                                     

3. Bibliografi

Bøker

  • 1945 – Statsforfatningen i Norge Oslo: Tanum I fulltekst ved nb.no
  • 1942 – Straffbar unnlatelse: et bidrag til strafferettsdogmatikken Oslo: Tanum I fulltekst ved nb.no
  • 1943 – Fortid og framtid i erstatningsretten Oslo: Norsk forsikringsjuridisk foreining I fulltekst ved nb.no
  • 1950 – Forbrytelse og straff Oslo: Cappelen I fulltekst ved nb.no
  • 1945 – Grunnlov og rettssikkerhet Bergen: Grieg I fulltekst ved nb.no
  • 1947 – Rettsoppgjøret: foredrag Oslo I fulltekst ved nb.no
  • 1945 – Omkring rettsoppgjøret Oslo: Tanum I fulltekst ved nb.no
  • 1950 – Havig-Gjelseth-saken: granskingsutvalgets uttalelse Oslo: Land og Kirke Forlagsaksjeselskap I fulltekst ved nb.no
  • 1947 – Nazisme og landssvik Oslo: Tanum I fulltekst ved nb.no
                                     

4. Bakgrunnsstoff

  • Store norske leksikon: Utdjupande artikkel om Johs Andenæs
  • YouTube: Andenæs ut mot narkostraff
  • YouTube: Intervju med Andenæs om landssvikoppgjøret
  • 1982 – Lov og frihet: festskrift til Johs. Andenæs på 70-årsdagen, 7. september 1982 Oslo: Universitetsforlaget. ISBN 8200060438 I fulltekst ved nb.no
  • Radioprogrammet Faktasjekken 15.juli 2017 i NRK P2: kåring av beste sakprosa-bok i emnet krigshistorie utgitt etter andre verdskrigen.
  • Carstens Smiths minneord over Johs. Andenæs
  • Publikasjonar av Johs. Andenæs i BIBSYS