Топ-100
Back

ⓘ Ingolv Helland var ein norsk gartnar og stortingsrepresentant frå Hamre i Hordaland. I åra frå 1961 til -69 møtte han på Stortinget for partiet Venstre og Rogal ..




                                     

ⓘ Ingolv Helland

Ingolv Helland var ein norsk gartnar og stortingsrepresentant frå Hamre i Hordaland. I åra frå 1961 til -69 møtte han på Stortinget for partiet Venstre og Rogaland fylke.

Far til Helland var lærar. Sjølv gjekk han gartnarskule i 1923 og arbeidde dei neste åra som gartnar i planteskule og gartneri. Frå 1930 dreiv han eige handelsgartneri i Stavanger til 1977. Han var formann i Gartneriets og Hagebrukets arbeidsgiverforening frå 1962 til 1974.

Helland var med i bystyret i Stavanger frå 1945 til 1963, åra 1952-61 med plass i formannskapet. Hausten 1961 vart han vald inn på Stortinget for Venstre, attvald fire år seinare. Dei fire fyrste åra på Tinget var han sekretær i Sosialkomiteen. Perioden 1965-69 var han medlem i Skog-, vassdrags- og industrikomiteen 1965-67 og framhaldet Industrikomiteen 1967-69. Samstundes var han siste fireårsperioden sekretær i Lagtinget.