Топ-100
Back

ⓘ Øyvind Strømmen. Strømmen har studert religionsvitskap ved Universitetet i Bergen, med journalistikk, Midt-Austen-historie og bibelsk hebraisk i fagkrinsen. Han ..




Øyvind Strømmen
                                     

ⓘ Øyvind Strømmen

Strømmen har studert religionsvitskap ved Universitetet i Bergen, med journalistikk, Midt-Austen-historie og bibelsk hebraisk i fagkrinsen. Han er innvald i fylkestinget for Miljøpartiet dei Grøne i Hordaland, og er kommunestyrerepresentant i heimkommunen Samnanger. Tidlegare har han vore aktiv i det belgiske grøne partiet Groen!.

                                     

1. Virke

Medan han var busett i Belgia kartla Strømmen ekstremistiske og antimuslimske miljø. Saman med Shoaib Sultan skreiv han i 2007 ein artikkel i Samtiden som åtvara mot høgre-ekstrem terrorisme. I ettertida vart han skulda for å maksimalisere trugsmålet frå "det dei kallar "høyre-ekstremismen" av Hallgrim Berg.

Før terroråtaka 22. juli 2011 hadde media vigd det anti-islamske miljøet lita interesse. I månadane etter terrorhandlinga vart Strømmen ein hyppig nytta kommentator og skribent om miljøa Anders Behring Breivik hadde henta sin inspirasjon frå, og i 2011 vart han kåra til Årets frilanser av Frilansjournalistene i Norsk Journalistlag.

Sidan 2011 har han publisert fire bøker på Cappelen Damm. Våren 2018 gir han ut boka Ungarn. En diagnose på Humanist forlag.

                                     

2. Bøker

  • Den sorte tråden. Europeisk høyreradikalisme fra 1920 til i dag Cappelen Damm, 2013
  • I hatets fotspor – sakprosa om antimuslimske rørsler i Europa Cappelen Damm, 2014
  • Anders Lange. En norsk historie – biografi om Fremskrittpartiets grunnleggjar, Anders Lange. Cappelen Damm, 2016
  • Det mørke nettet. Om høyreekstremisme, kontrajihadisme og terror i Europa. Cappelen Damm, 2011