Топ-100
Back

ⓘ Arne Lekve. Arne Brynjelsson Lekve var ein norsk skulelærar, gardbrukar og klokkar frå Ulvik som var stortingsmann i 1821. Lekve var fødd på garden Lekve i Ulvi ..




                                     

ⓘ Arne Lekve

Arne Brynjelsson Lekve var ein norsk skulelærar, gardbrukar og klokkar frå Ulvik som var stortingsmann i 1821.

Lekve var fødd på garden Lekve i Ulvik, der far hans var gardbrukar og klokkar. Frå 1793 var han omgangsskulelærar i heimbygda og tok i ung alder over farsgarden då far hans døydde. Fram til 1854 var han òg kyrkjesongar i tre kyrkjer i Ulvik prestegjeld.

Lekve var valmann til riksforsamlinga 1814 og fleire gongar seinare. I 1819 var han medlem av matrikkelkommisjonen og i 1821 representere han Søndre Bergenhus amt på Stortinget, så vel som på omframtstortinget 1822. Han var i 1821 medlem i tre komitear, av dei om odelslova og om skulestellet.