Топ-100
Back

ⓘ Lars O. Sæbø. Lars Olsson Sæbø var ein norsk skomakar som var stortingsmann for Arbeidarpartiet frå 1906 til 1915. Sæbø var son til ein gardbrukar i Manger. 15 ..




Lars O. Sæbø
                                     

ⓘ Lars O. Sæbø

Lars Olsson Sæbø var ein norsk skomakar som var stortingsmann for Arbeidarpartiet frå 1906 til 1915.

Sæbø var son til ein gardbrukar i Manger. 15 år gammal flytta han til Bergen og gjekk i skomakarlære. Han dreiv så frå 1888 til 1906 eiga skomakarforretning i byen. Frå 1899 var han bystyremedlem, med plass i formannskapet 1907-10. Han var aktiv i fagforeiningsarbeid, i mange år formann i skotøyarbeidarforeininga og med i Samorg-styret for Bergen.

Sæbø representerte einmannskrinsen Sandviken på Stortinget i tida 1906-15. Han var alle åra medlem i Sosialkomiteen. I 1913-sesjonen var han sjukmeld frå 28. januar til 4. april. Ved stortingsvalet 1915 fekk han flest røyster i valkrinsen i fyrste valomgang, men tapte andre valomgang då Høgre-veljarane flokka seg om Venstre-kandidaten Jørgen Blydt.