Топ-100
Back

ⓘ Einar Kringlen er ein norsk professor i psykiatri. Han er fødd i Høyanger og busett i Oslo. Han vart cand. med. i 1958 og dr. med i 1967. Kringlen var professor ..




                                     

ⓘ Einar Kringlen

Einar Kringlen er ein norsk professor i psykiatri. Han er fødd i Høyanger og busett i Oslo. Han vart cand. med. i 1958 og dr. med i 1967. Kringlen var professor i klinisk psykologi ved Universitetet i Bergen 1969-1971 og professor i medisinsk åtferdsfag 1967-1983. I tida 1984-2001 var han professor i psykiatri ved Universitetet i Oslo og administrativ overlege ved Psykiatrisk klinikk, Vindern i Oslo.

Kringlen har utført omfattande tvillingstudiar og epidemiologiske undersøkingar av utbreiinga av psykiske lidingar i befolkninga. Han har mellom anna blitt kjend for utspelet om at krisepsykologi ikkje hjelp og at krisepsykologar sjeldan klarar å hjelpe mennesker ved hjelp av rutinemessige debrifingar.

Han har vore aktiv i debattane om samfunns- og helseforhold i Norge og om Midtausten-konflikten. Kringlen var den første leiaren i Norske leger mot atomvåpen i 1981.

Kringlen er ein internasjonal kjend forskar.

Han er riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden 1998.

                                     

1. Bibliografi

Bøker

  • 1977 – Psykiatri og historie Oslo: Cappelen. ISBN 8202037905 I fulltekst ved nb.no
  • 1967 – Heredity and environment in the functional psychoses. 2: Case histories Oslo: Universitetsforlaget I fulltekst ved nb.no
  • 2014 – Sykdom og politisk lederskap: essays om normalitet og avvik i politikken Oslo: Vidarforlaget. ISBN 978-82-7990-236-2
  • 2001 – Psykiatriens samtidshistorie Oslo: Universitetsforlaget. ISBN 82-518-4002-3
  • 2007 – Norsk psykiatri gjennom tidene Oslo: Damm. ISBN 978-82-04-13350-2
  • 1967 – Heredity and environment in the functional psychoses. 1: An epidiological-clinical twin study Oslo: Universitetsforlaget I fulltekst ved nb.no
  • 1972 – Psykiatri Bergen: Universitetsforlaget. ISBN 8200022617
                                     

2. Bakgrunnsstoff

  • Publikasjonar av Einar Kringlen i forskingsdokumentasjonssystemet Cristin
  • Publikasjonar av Einar Kringlen i BIBSYS
  • Einar Kringlen - Allkunne - levande leksikon
  • Einar Kringlen - Norsk biografisk leksikon