Топ-100
Back

ⓘ Stein Bondevik er ein norsk geolog med geologiske farar, Storeggaraset og klimaendringar som fagspesialitet. Bondevik studerte ved Universitetet i Bergen der ha ..




                                     

ⓘ Stein Bondevik

Stein Bondevik er ein norsk geolog med geologiske farar, Storeggaraset og klimaendringar som fagspesialitet.

Bondevik studerte ved Universitetet i Bergen der han mottok ein cand.scient. 1993 og dr.scient. 1996. Så var han postdoc same stad 1996–99 og førsteamanuensis i geologi ved Universitetet i Tromsø 1999–2007. Sidan 2007 har han vore ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, først som førsteamanuensis, etterkvart som professor. Bondevik mottok Reuschmedaljen i 2001 frå Norsk geologisk forening for artikkelen Tsunami sedimentary facies deposited by the Storegga tsunami in shallow marine basins and coastal lakes, western Norway. Same året vann han Universitetet i Tromsø sin forskarpris på 50 000 kroner for yngre forsking. Ved University of Washington var han gjesteforsker ved Quaternary Research Center 1998 og 2003–04.