Топ-100
Back

ⓘ Olav Totland var ein norsk prest og politikar frå Bergen. Han representerte Bergen og Arbeidarpartiet på Stortinget frå 1967 til 1973. Arbeidarsonen Totland tok ..




                                     

ⓘ Olav Totland

Olav Totland var ein norsk prest og politikar frå Bergen. Han representerte Bergen og Arbeidarpartiet på Stortinget frå 1967 til 1973.

Arbeidarsonen Totland tok eksamen frå handelsgymnas i 1922. Dei neste seks åra arbeidde han på kontor. Der etter studerte han teologi, ferdig utdanna cand.theol. i 1934. I delar av studietida var han klokkar i St. Olav kyrkje i Bergen. Perioden 1934-40 var han sekretær i Bjørgvin bispedømme og hjelpeprest i St. Olav. Etter å ha vore hjelpeprest 1940-48 i Årstad kyrkje, røkta han sokneprest-stillinga i Bruvik i Hordaland i tida fram til 1958. Frå 1959 var han sokneprest i Nykirken i Bergen til han gjekk av i 1970.

Gjennom tre valperiodar; 1960-63, 1964-67 og 1968-71, var Totland bystyremedlem i Bergen. Frå 1965 var han 1. varamann til Stortinget frå Bergen, så då Nils Langhelle døydde i 1967 rykte Totland inn på Tinget med fast plass frå sist i august. Hausten 1969 vart han attvald og representerte Arbeidarpartiet ut perioden 1969-73. Alle seks åra på Stortinget hadde han sete i Justiskomiteen.

Totland var med i hovudstyret til Kristne Arbeideres Forbund frå 1961, formann 1969-72. Han engasjerte seg òg i Blå Kors, både som medlem i Hordaland krinsstyre, og i styret for sosialbygg og tilsynsheimar. Frå 1971 til 1987 var han medlem i det statleg oppnemnde Ekteskapslovutvalet.