Топ-100
Back

ⓘ Knut O. Aarethun er ein norsk politikar frå Lærdalsøyri. Aarethun er økonomisjef og rådgjevar ved fylkessjukehuset i Lærdal og Arbeidarparti-politikar. Han har ..




                                     

ⓘ Knut O. Aarethun

Knut O. Aarethun er ein norsk politikar frå Lærdalsøyri. Aarethun er økonomisjef og rådgjevar ved fylkessjukehuset i Lærdal og Arbeidarparti-politikar. Han har vore tilsett ved sjukehuset sidan 1964.

Aarethun har vore medlem av kommunestyre og formannskap i Lærdal i fleire periodar frå 1967, og medlem av fylkestinget sidan 1981. Han har vore medlem av fylkesutvalet det meste av tida sidan og leiar for Arbeidarparti-gruppa. Dessutan var han fylkesvaraordførar i perioden 1991–1995 og fylkesordførar i perioden 1995–1999. I 2003–2007 var han òg ordførar i Lærdal kommune.

Mellom anna har Aarethun også vore tillitsvald i Norsk Kommuneforbund, idrettsleiar, leiar for Kommunenes Sentralforbund i Sogn og Fjordane, styremedlem i Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane.