Топ-100
Back

ⓘ Kristin Sundsteigen er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Kvinnherad som vart noregsmeister i kulestøyt åtte år i rad 2009-16. Sundsteigen var i barneåra ..




Kristin Sundsteigen
                                     

ⓘ Kristin Sundsteigen

Kristin Sundsteigen er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Kvinnherad som vart noregsmeister i kulestøyt åtte år i rad 2009-16.

Sundsteigen var i barneåra medlem av IL Trio. Åra 2007-09 var ho medlem av Stord Idrettslag, sesongar der ho vann medalje i kulestøyt, sølv i 2007, bronse i 2008 og gull i 2009. Perioden 2010-15 sikra ho seg samtlege kule-gull i noregsmiesterskap som representant for Tyrving. Då ho i 2016 vart norsk meister i kulestøyt for åttande gong i rad, var ho medlem i Ask Idrettslag.

Sundsteigen sette personleg rekord i kulestøyting med 15.41 meter då ho vart noregsmeister 2013 i Tønsberg. Ho dreiv òg med sleggjekasting, ei øving der ho nådde 52.82 m ved eit stemne på Fana stadion i Bergen 7. juni 2009.