Топ-100
Back

ⓘ Sylfest Lomheim er ein norsk språkvitar og folkeopplysar frå Hafslo i Sogn. Frå 1. januar 2004 til 1. september 2010 var han direktør for Språkrådet. ..




Sylfest Lomheim
                                     

ⓘ Sylfest Lomheim

Sylfest Lomheim er ein norsk språkvitar og folkeopplysar frå Hafslo i Sogn. Frå 1. januar 2004 til 1. september 2010 var han direktør for Språkrådet.

                                     

1. Karriere

Lomheim er utdanna som filolog ved Universitetet i Oslo. Han var i mange år knytt til Høgskolen i Agder, der han mellom anna underviste i omsetjingsteori ved fagomsetjarstudiet. Frå 1987 til 1992 var han rektor ved høgskulen. Han har òg hatt arbeidsopphald i Frankrike. Lomheim var mellom 2004 og 2010 direktør i Språkrådet, statens rådgjevande organ for språkspørsmål i Noreg.

Sylfest Lomheim er særleg kjend frå NRK. Han var språkkonsulent for NRK frå 1980 til 1994, han har vore medarbeidar i radioprogrammet Språkteigen frå 1990 og delteke i den populære TV-serien Typisk norsk.

                                     

2.1. Bibliografi Bøker

  • 1971 – Stortingsspørsmålet 1961-1968: en analyse av politisk kansellispråk Oslo
  • 1979 – Spørsmål til spørjetimen i Stortinget: ein språkleg analyse av form og funksjon Kristiansand: Agder distriktshøgskole. ISBN 82-7117-103-8 I fulltekst ved nb.no
  • 1984 – Metaforanalyse og metaforomsetjing Kristiansand
  • 1987 – Rotgnagar-PM Oslo: NRK, personalopplæringa I fulltekst ved nb.no
  • 1988 – Kva er språk?: kort innføring i teori og terminologi Kristiansand: Agder distriktshøgskole. ISBN 82-7117-207-7 I fulltekst ved nb.no
  • 1989 – Omsetjingsteori: ei elementær innføring Oslo: Universitetsforlaget. ISBN 8200027368 I fulltekst ved nb.no
  • 1994 – Nynorsk i NRK frå A til Å Oslo: NRK I fulltekst ved nb.no
  • 2000 – Skrifta på skjermen: korleis skjer teksting av fjernsynsfilm? Kristiansand: Høyskoleforlaget. ISBN 82-7634-266-3 I fulltekst ved nb.no
  • 2001 – NTB utanriks: kunsten å gjenfortelja? Kristiansand: Høgskolen i Agder, Avdeling for humanistiske fag. ISBN 82-7117-436-3
  • 2003 – Språkteigen Oslo: Samlaget. ISBN 82-521-6065-4
  • 2004 – Ord om ord: frå Amerika til Åmot Oslo: Samlaget. ISBN 82-521-6432-3
  • 2007 – Språkreisa: norsk gjennom to tusen år Oslo: Damm. ISBN 978-82-04-11117-3
  • 2019 – Andre Samuels bok: roman Oslo: Kolofon forlag. ISBN 978-82-300-1962-7
  • 2011 – Tale er gull Oslo: Samlaget. ISBN 978-82-521-6649-1

Omsetjingar

  • Illich, Ivan: Teknologi for jamvektssamfunnet ; omsett av Svein Erik Loraas og Sylfest Lomheim. - Oslo: Pax, 1977 - 149 sider - Pax-bøkene ; - Originaltittel: Tools for conviviality ISBN 82-530-0869-4
  • Ousmane, Sembène: Når røter losnar: to noveller frå Senegal ; frå fransk ved Sylfest Lomheim. - Oslo: Samlaget, 1979 - 161 sider - Orion-bøkene ; 228. - Innhold: Véhi-Ciosane eller Nytt liv ; Pengetilvisinga. - Originaltitler: Véhi-Ciosane ou Blanche Genèse ; Le mandat ISBN 82-521-0926-8

Medforfattar

  • 1997 – Cross-cultural communication: a case study of cooperation between members of staff at Institute of Development Management, Tanzania, and Agder College, Norway Kristiansand: Agder universitet. ISBN 82-7117-350-2