Топ-100
Back

ⓘ Ingrid Heggø. Ingrid Bjørketun Heggø er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho vart innvald på Stortinget frå Sogn og Fjordane i 2005. Ho var vararepresent ..




Ingrid Heggø
                                     

ⓘ Ingrid Heggø

Ingrid Bjørketun Heggø er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho vart innvald på Stortinget frå Sogn og Fjordane i 2005. Ho var vararepresentant i perioden 1997 til 2001.

Ho er utdanna ved Handelshøyskolen BI, og har der teke grunnutdanning i bank 1981–1983, bankfag 1983–1988, internasjonalisering 1998, bedriftsanalyse I og II 1999–2000 og strategisk leiing og bedriftsutvikling 2000. Frå 1980 til 1981 arbeidde ho som operatør ved Fundo Aluminium, og i perioden 1981–2001 hadde ho ymse stillingar i Vestlandsbanken og Fokus Bank.

Heggø var medlem i styret i både Høyanger AUF og Sogn og Fjordane AUF frå 1977 til 1980. Frå 1992 til 1995 var ho kasserar og styremedlem i Høyanger Arbeidarparti, leiar frå 1995 til 2003, og i perioden 2003–2005 var ho igjen kasserar og styremedlem. Ho vart vald inn i Høyanger kommunestyre for perioden 1991–1995, og ho var varaordførar i kommunen frå 1995 til 2003. Frå 2001 til 2005 var ho også sekretær i Sogn og Fjordane Arbeidarparti.

I perioden sin på Stortinget har ho vore medlem av Justiskomiteen og varamedlem i Valkomiteen. Sidan 2007 har ho også vore med i sentralstyret i Arbeidarpartiet.

Heggø er ei av berre seks kvinner frå Sogn og Fjordane som har representert fylket på Stortinget.