Топ-100
Back

ⓘ Liv Signe Navarsete er ein norsk Senterpartipolitikar. Ho var leiar i Senterpartiet frå 2008 til 2014 og kommunal- og regionalminister i regjeringa Stoltenberg ..




Liv Signe Navarsete
                                     

ⓘ Liv Signe Navarsete

Liv Signe Navarsete er ein norsk Senterpartipolitikar. Ho var leiar i Senterpartiet frå 2008 til 2014 og kommunal- og regionalminister i regjeringa Stoltenberg II. Frå 2005 til 2009 var ho samferdsleminister.

Navarsete har vore gruppeleiar for Senterpartiet i fylkestinget i Sogn og Fjordane, vararepresentant til Stortinget 2001–2005, og var med i distriktskommisjonen. Ho har hatt styreverv i mellom anna Gjensidige Nor Forsikring, i Vestlandsforsking og har vore sjølvstendig næringsdrivande. Navarsete er ei av berre seks kvinner frå Sogn og Fjordane som har representert fylket på Stortinget.

Ved stortingsvalet 2005 vart Navarsete vald inn på Stortinget som fast representant frå Sogn og Fjordane. 17. oktober 2005 vart ho utnemnd til samferdsleminister i den raudgrøne regjeringa. Ved valet i 2009 vart ho attvald til Stortinget. Ved omrokkeringa i regjeringa etter valet vart ho utmend til kommunal- og regionalminister.

Etter at Åslaug Haga trekte seg som partileiar i 2008 og Lars Peder Brekk hadde fungert mellombels i vervet i nokre månader, vart Navarsete vald til leiar for Senterpartiet 12. september 2008.

Navarsete er opphavleg frå Sogndal og vart som tobarnsmor i 1992 enkje då ektemannen brått døydde grunna hjarteinfarkt. Ho har no vaksne ungar. Frå år 2000 har ho budd i Lærdal, der ho vart sambuar med Lars Petter Nesse, som no er varaordførar i Lærdal. På skotårsdagen 29. februar 2008 fridde ho til han, og 17. mai 2008 gifta dei seg i den norske sjømannskyrkja i London.

Ho har vorte tildelt Storegutprisen for god og levande nynorsk.