Топ-100
Back

ⓘ Samferdsle i Noreg - Hans Hagerup Krag, Kystverket, Alf Ivar Samuelsen, Håkon Kyllingmark, Horndøla bru, Lotetunnelen ..




                                               

Hans Hagerup Krag

Hans Hagerup Krag var ein offiser, vegingeniør, vegdirektør i Noreg 1874-1904. Hans Peter Krag var far hans. Krag var fødd i Grong. Han gjekk krigsskulen og var artillerioffiser i 1850. Frå 1853 var han vegingeniør i state, og stakk i 1857 ut ruta for Geirangervegen. Krag var kontorsjef i vegdirektoratet frå 1866, sjølv vegdirektør 1874-1904. Han var ein framsynt mann som gjorde særs mykje for samferdsla i Noreg. Mellom anna var han sentral ved etableringa av Haukelivegen mellom Telemark og Odda, ved Strynefjellsvegen i 1894, og lanserte i 1896 planane for Sognefjellsvegen. Han var sentral ...

                                               

Kystverket

Kystverket er ein norsk statleg etat under Fiskeri- og kystdepartementet. Kystverket har eit operativt ansvar for kystforvalting, sjøtryggleik og samferdsle på sjøen langs kysten av Noreg. Kystverket er organisert med eit hovudkontor i Ålesund, fem kystdistrikt med distriktskontor i Arendal, Haugesund, Ålesund, Kabelvåg og Honningsvåg og ei beredskapsavdeling i Horten. Kystverket har 12 større fartøy som vert nytta til nybygging, vedlikehald og drift av fyrstasjonar, lykter, lanterner og merke langs kysten. Kystverket har ansvaret for lostenesta og Trafikksentralar. Kystdirektoratet vart t ...

                                               

Alf Ivar Samuelsen

Alf Ivar Samuelsen frå Flakstad, Nordland) var ein norsk politikar. Han vart innvald på Stortinget frå Nordland i 2005. Han var vararepresentant i perioden 1993–1997. Samuelsen var ordførar i Flakstad i perioden 1986–1987 og fylkesordførar i Nordland 1995-1999. Frå 1999 til 2003 sat han i fylkesrådet for samferdsle. Han pensjonerte seg i 2009. Alf Ivar Samuelsen omkom ei traktorulykke heime på Fredvang i Flakstad den 16. september 2014, 72 år gamal.

                                               

Håkon Kyllingmark

Håkon Olai Kyllingmark var ein norsk offiser, forretningsmann og politikar for Høgre. Han var stortingsrepresentant frå 1953 til -1981 og hadde to ulike statsrådposter; forsvarsminister i 1963 og samferdsleminister 1965-71. si tid som samferdsleminister var han sentral i arbeidet med å bygge flyplassar på kysten av Vestlandet og i Nord-Noreg.

                                               

Horndøla bru

Horndøla bru er namn på to bruer i Hornindal kommune i Sogn og Fjordane. Bruene kryssar elva Horndøla ved garden Muldsvor nær fylkesgrensa. Den gamle brua er ei 52 meter lang steinbru oppført med tørrmura utkraginsteknikk, truleg bygd i tida 1810–1813 der det før var ei eldre bru av tre og stein. Brua er relativt lang fordi elva på denne staden fløymer utover den flate dalbotnen. Horndøla bru vart ombygd i 1937, med ei 5 meter brei betongplate over brukara. I 1971 vart det bygd ei ny bru på staden, like ved den gamle. Den nye brua er ein del av fylkesveg 60. Gamle Horndøla bru vart restaur ...

                                               

Lotetunnelen

Lotetunnelen er ein 2857 meter lang tunnel på Europaveg 39 i Stad kommune i Vestland. Tunnelen går mellom Nordfjordeid og Svoradalen vest for Lote. Arbeidet med tunnelen begynte i 1959, gjennomslaget kom i 1965, og tunnelen blei opna for trafikk i 1966. Lotetunnelen blei offisielt opna i 1968. Det er krappe svingar i begge endane av tunnelen, og særleg inngangen til tunnelen på Lote-sida blir rekna som eit farleg punkt. Dessutan er tunnelen låg, fire meter, og området ved opninga på Lote-sida er rasfarleg. Som i mange andre tunnelar i Noreg vert bilistane i Lotetunnelen noko plaga med kond ...