Топ-100
Back

ⓘ Norsk samfunn - Samfunn, Postindustrielt samfunn, Norsk misjon og afrikanske samfunn, Sør-Afrika 1850-1900, Antropologi, Kvekarane ..




                                               

Samfunn

Samfunn er eit fellesskap danna av ei gruppe menneske som lever saman og deler institusjonar. Eit samfunn har gjerne ein felles kultur, felles tradisjonar og interesser. Samfunn kan ha ulike storleikar, og kan til dømes omfatta ein familie, ein husstand, eit lokalsamfunn som ei bygd eller ein by. Ordet kan også visa til større samanslutningar av menneske med sams interesser, som trussamfunn, studentsamfunn og liknande. Alle som bur i eit land er saman i eit stort samfunn som blir kalla storsamfunn. Det største samfunnet er verdssamfunn. Her er alle som bur på jorda medlem. Sosiologar skil ...

                                               

Postindustrielt samfunn

Postindustrielt samfunn er ei nemning på eit samfunn som har gått over frå å vera eit industrisamfunn til neste fase; eit servicesamfunn basert på kunnskap. I fleire vesteuropeiske land er innsats av kunnskap og teknologi vorte den viktigaste innsatsfaktoren både i vareproduksjon og i tenesteyting. Det postindustrielle samfunnet vert gjerne kalla det postmoderne samfunnet, og forklarar overgangen frå ein industrialisert kvardag og til ein kvardag der industri ikkje lenger spelar hovudrolla. Omgrepet vart først lansert av sosiologen Daniel Bell i 1973 i boka The Coming of the Post-Industria ...

                                               

Norsk misjon og afrikanske samfunn, Sør-Afrika 1850-1900

Norsk misjon og afrikanske samfunn, Sør-Afrika 1850–1900 er ei norsk bok som kom ut på Tapir forlag i 1984. Ho utjger første del av den norske versjonen av sluttpublikasjonen frå forskingsprosjektet Norsk misjon og afrikanske samfunn, Sør-Afrika 1850-1900, som vart utført ved Historisk institutt ved Universitetet i Trondheim. Boka inneheld artiklar av Jarle Simensen, Vidar Gynnild, Per Hærnes, Endre Sønstabø og Thomas Børhaug. Den raude tråden i boka er Det Norske Misjonsselskap, og særleg H.P.S. Schreuder si misjonsverksemd i Zululand i tida frå 1845 og fram til den britiske okkupasjonen ...

                                               

Antropologi

Antropologi er læra om menneska; korleis dei lever og lager samfunn og kulturar. I norsk samanheng bruker ein vanlegvis omgrepet om kvalitative og holistiske studie av samfunn og kultur, men i nokre høve kan det òg nyttast om meir biologisk retta studie av menneska. Antropologar studerer mellom anna emne som religion, musikk, feiringar, kroppsspråk, lidenskap, sex, forelsking og kjærleik i eit samfunn. Det finst ulike tradisjonar innan antropologien, dei viktigaste er amerikanske kulturantropologi, britiske sosialantropologi og til ei viss grad kontinentaleuropeisk etnografi. Ved hjelp av ...

                                               

Kvekarane

Kvekarane, eller Venesamfunnet, eller Kvekernes religiøse samfunn er eit kristent kyrkjesamfunn, grunnlagt i England midt på 1600-talet. Kyrkjesamfunnet er kjenneteikna av trua på at sjela har umiddelbar kontakt med Gud ; det er antiautoritært og prega av nøysemd og fredsæle. Namnet kvekar har samanheng med ordet quake, skjelve, og var opphavleg eit utnamn, kanskje gitt fordi nokre medlemmer under møta vart så gripne at dei skolv. Vennenes Samfunn Kvekerne var eit tidlegare norsk navn på kvekarane.

                                               

Den norske Forfatterforening

Den norske Forfatterforening er ei foreining for norske skjønnlitterære forfattarar. DnF vart stifta i 1893. Foreininga har til formål å verne og fremje norsk litteratur og å take vare på dei faglege og økonomiske interessene til forfattarane. DnF driv òg internasjonalt solidaritetsarbeid for forfølgde forfattarar. I 2004 hadde foreininga 513 medlemer. Leiaren er frå mars 2012 forfattaren Sigmund Løvåsen.