Топ-100
Back

ⓘ Noreg - Kommunar i Noreg, Danmark-Noreg, Høgaste fjella i Noreg, Namnedagar i Noreg, Fossar i Noreg, Unionen mellom Noreg og Sverige ..




                                               

Kommunar i Noreg

Kommunane i Noreg fungerer som ei administrativ og folkevald styrt politisk eining med ansvar for å gjennomføre visse lovpålagte funksjonar, som til dømes skular, vegstell, ivartetakinga av eldre og hjelpetrengande, brannstell, renovasjon og anna, innanfor eit definert geografisk område. I Noreg er det to typar kommunar med ulike oppgåver og funksjonar. Den eine typen er kommunen eller primærkommunen, som det er fleire av innanfor kvart fylke; sjå tabellen nedanfor. Den andre typen er fylkeskommunen. Kvar fylkeskommune dekkjer kvart sitt heile fylke, unnateke Oslo, og har namn etter fylket ...

                                               

Danmark-Noreg

Danmark-Noreg er ei nemning på kongeriket Danmark og kongeriket Noreg i union, irekna Island, Grønland og Færøyane. I tida frå 1387 til 1814 var desse kongerika styrte av éin sams konge i ein personalunion. Særleg vert Danmark-Noreg nytta som ei nemning på rika i tida etter reformasjonen i 1537, eller frå 1523, då Kalmarunionen braut saman. Etter reformasjonen i 1537 var ikkje noko eige norsk riksråd til, og kongen fekk meir makt. Nemninga "Kongeriket Danmark" vert av og til nytta om området som dei oldenburgske kongane rådde over etter 1536. Hertugdøma Slesvig og Holstein hadde kongane he ...

                                               

Høgaste fjella i Noreg

Dette er ei liste over dei tusen høgaste fjella i Noreg som har ein primærfaktor på minst 50 meter. Når to eller fleire nærliggande fjelltoppar har ein høgdeskilnad seg i mellom som er mindre enn 50 meter vil altså berre den eine vere med på lista. Det høgaste fjellet i Noreg er Galdhøpiggen på 2469 meter over havet. Tusen fjelltoppar i Noreg med primærfaktor på minst 50 meter har ei høgd frå 1650 meter over havet og oppover. Oppland har klart flest av fjella på lista med 416 stykk. Sogn og Fjordane har 279 stk, Møre og Romsdal 159, Buskerud 71, Nordland 39, Sør-Trøndelag 30, Hordaland 26, ...

                                               

Namnedagar i Noreg

Namnedagar i Noreg er eit oversyn over noverande norske namnedagar sortert etter dato. Namnedagar har røter til katolske helgendagar. Dei vart gjeninnførte i Noreg av Almanakkforlaget i 1988. Forlaget reviderte lista i 1998 og inneheld 819 namn. Alle årets dagar bortsett frå 1. januar, som i kyrja er Jesu namnedag, skotårsdagen 29. februar og 25. desember har tilhøyrande namn.

                                               

Fossar i Noreg

Kva som er dei høgaste fossane i landet er ofte omdiskutert. Ofte vert fossar som er lett tilgjengeleg eller som vert rekna som turistattraksjonar feilaktig omtalt som høgast i landet eller i eit område. Fossar med større volum ser gjerne meir imponerande ut enn fossar med lite vatn, og vert òg stundom feilaktig prioritert på lister over dei høgaste fossane. Høgda på fossar kan målast ut frå både total høgd om fossen har fleire fall og høgda på det høgaste fallet. Desse omgrepa kan stundom forvekslast. Både Vettisfossen og Feigefossen har vorte omtalt som dei høgaste i landet. Mardalsfosse ...

                                               

Unionen mellom Noreg og Sverige

Unionen mellom Noreg og Sverige var ei sameining av dei to kongerika Noreg og Sverige som varte frå 1814 til 1905. Dei to landa bestod som to sjølvstendige statar, men var i personalunion med éin sams monark. Sverige og Noreg hadde to gonger tidlegare vore sameint under éi krone: Først frå 1319 til 1343, og kortvarig under Karl Knutsson frå 1449 til 1450, i opposisjon til Christian av Oldenburg, som danskane hadde vald til ny konge av Kalmarunionen.