Топ-100
Back

ⓘ Geografi - Ukrainsk geografi, Serbisk geografi, Luxembourgsk geografi, Bulgarsk geografi, Geograf, Nederlandsk geografi ..




                                               

Ukrainsk geografi

Ukraina har ei strategisk plassering i Aust-Europa, og grensar til Svartehavet i sør, Polen, Slovakia og Ungarn i vest, Kviterussland i nord, Moldova og Romania i sørvest og Russland i aust. Den nordlege delen av Karpatane strekkjer seg inn i vestlege delar av Ukraina. Det høgaste fjellet er Hoverla, på 2061 meter over havet. Det meste av Ukraina er derimot dekt av steppe-liknande området like nord for Svartehavet. Ukraina er nesten delt i to av elva Dnepr, som renn frå nord til sør i Ukraina. Ho munnar ut i Svartehavet, like vest for Krimhalvøya og nær munningane til Bug og Dnestr. Grensa ...

                                               

Serbisk geografi

Merk at Kosovo ikkje er anerkjend som sjølvstendig land av SN enno, men at data i tabellen er basert på Serbia utan Kosovo. Serbisk geografi omfattar geografien til Serbia, eit land på Balkan og på Den pannoniske sletta. Det grensar til Bosnia-Hercegovina, Bulgaria, Kroatia, Ungarn, Nord-Makedonia, Montenegro og Romania. Det omstridde området Kosovo er av mange land anerkjend som eit sjølvstendig land, men ikkje av Serbia. Kosovo ligg mellom resten av Serbia og Albania. Serbia grenser ikkje til sjø, men Donau vert nytta for skipstrafikk til Svartehavet.

                                               

Luxembourgsk geografi

Luxembourgsk geografi viser til geografien i Luxembourg, eit land i Nederlanda i Nordvest-Europa. Det grensar til Belgia i vest og nord, til Frankrike i sør og til Tyskland i aust. Luxembourg er omgjeve av land i alle kantar og grenser ikkje til sjø. Landet har geografiske koordinatar 49°45′N 6°10′E

                                               

Bulgarsk geografi

Bulgarsk geografi viser til geografien i Bulgaria, eit land i Søraust-Europa og grensar til Romania, Serbia, Nord-Makedonia, Hellas, Tyrkia og Svartehavet. Den nordlege grensa mot Romania følgjer elva Donau heilt til Silistra. Arealet til Bulgaria er 110 550 kvadratkilometer, og er med det litt større enn Island. Landet ligg på vestkysten av Svartehavet med Romania i nord, Hellas og Tyrkia i sør, og Serbia og Nord-Makedonia i vest. Trass i at landet ikkje er særleg stort har det svært variert topografi, og landet kan delast inn i sletter, platå, åsar, fjell, bekken, juv og djupe elvedalar. ...

                                               

Geograf

Ein geograf er ein vitskapsmann som studerer geografi, studiet av det naturlege miljøet og det menneskeleg samfunnet på jorda. Sjølv om geografar er historisk kjend som folk som laga kart, er kartmaking i røynda eit felt innan kartografi, som er eit fagfelt under geografi. Geografar studerer ikkje berre detaljane i det naturlege miljøet eller det menneskelege samfunnet, men òg vekselverknaden mellom desse to. Til dømes studerer dei korleis det naturlege miljøet medverkar til det menneskelege samfunnet og korleis det menneskelege samfunnet påverkar det naturlege miljøet. Geografar innan fys ...

                                               

Nederlandsk geografi

Nederlandsk geografi er uvanleg sidan mange landområde er demd opp av mange dike og ligg under havnivå. I tillegg er landet eit av dei tettast folkesette landa på jorda, rangert på 15. plass, men av desse har berre tre land meir enn 10 millionar innbyggjarar. Nederland er derfor særs urbanisert. Nederland er særs flatt, og ein finn berre moderate høgder heilt søraust i landet.