Топ-100
Back

ⓘ Politikk - Politikk, Samanliknande politikk, Institutt for samanliknande politikk, Sentrum i politikk, Opposisjon i politikk, Haitisk politikk ..




                                               

Politikk

Politikk handlar om fordelinga av gode og byrder i eit samfunn. Vanlegvis meiner ein den fordelinga av gode og byrder som det offentlege står for, men ordet politikk kan au brukast om korleis gode og byrder fordelast i mindre samfunn. Det politiske systemet i Noreg er eit parlamentarisk demokrati. Eit tal politiske parti følgjer meir eller mindre nokre grunnleggande ideologiar.

                                               

Samanliknande politikk

Samanliknande eller komparativ politikk er ei faggrein innan statsvitskapen, som er særmerkt ved sin bruk av samanliknande metode. Forskarane Seymour Martin Lipset og Stein Rokkan er med sine vitskaplege arbeid rekna som nokre av grunnleggjarane av denne faggreina. Oftast er faggreina underlagd meir ålmenn statsvitskap, men på Rokkans eige universitet, Universitetet i Bergen, har dei eit Institutt for samanliknande politikk, der dette vert undervist i som eit eige fag.

                                               

Institutt for samanliknande politikk

Institutt for samanliknande politikk har eksistert som eiga eining med dette namnet sidan 1. januar 1980 ved Universitetet i Bergen. Sosiologisk institutt skifte i 1977 namn til Institutt for sosiologi og statsvitskaplege fag. I nokre år femnde instituttet om avdelingar for sosiologi, offentleg administrasjon og organisasjonskunnskap attåt samanliknande politikk. Frå 1980 vart avdelingane skilde ut som eigne, sjølvstendige institutt. Mannen som er kjend som grunnleggjaren av instituttet, Stein Rokkan, var alt i 1966 utnemnd som professor i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

                                               

Sentrum i politikk

Når ein snakkar om politikk er sentrum ei skildring av kva for politisk retning ein person eller eit parti tradisjonelt sett høyrer til. Utanom sentrum snakkar vi, i tradisjonell politikk, òg om venstresida og høgresida. Den første kjende inndelinga ei politisk høgre- og venstreside finn vi i det første franske parlamentet Etter den franske revolusjonen. Der vart dei mest "radikale" dei som t.d. ville innføre allmenn røysterett for menn plasserte til venstre for talarstolen og dei meir "konservative" Dei som ynskte å bremse den revolusjonære utviklinga plasserte til høgre for talarstolen. ...

                                               

Opposisjon i politikk

Opposisjon i politikk er eit eller fleire politiske parti eller ei anna form for organisert gruppe, som er motstandar av ei regjering, eit parti eller ei gruppe, som har den politisk styrande kontrollen over eit område. Eit område kan vere ein stat, ein nasjon eller eit land, eller ein delstat, ein fylkeskommune eller ein kommune. Det kan også dreie seg om intern opposisjon innan eit politisk parti, eller i ein organisasjon. Eit kjent eksempel i Noreg er Fagopposisjonen av 1911 innan LO, som Martin Tranmæl stod i spissen for.

                                               

Haitisk politikk

Haitisk politikk føregår under den haitiske grunnlova av 28. april 1987, som seier at Haiti er ein republikk der makta er fordelt mellom ei folkevald nasjonalforsamling, ein folkevald president, ein statsminister og ei regjering, og domstolane. Likevel har tida både før og etter grunnlova vore meir prega av autoritære styre og undertrykkande diktatorar, som François Duvalier og sonen hans, Jean-Claude Duvalier. Frankrike og USA har også fleire gonger intervenert militært i haitisk politikk, nokre gonger på førespurnad frå eit av partia i landet.