Топ-100
Back

ⓘ Samfunn - Klasselaust samfunn, Industrisamfunn, Fleirspråkleg, Sekulær, Kommunisme, Republikk, Akefalt samfunn, Samfunnsrekning ..




                                               

Klasselaust samfunn

Eit klasselaust samfunn er målet for sosialistar og kommunistar. Ifølgje Karl Marx er all historie historia om klassekamp, fordi alle samfunn til no bortsett frå det primitive fellesskapet i "urkommunismen" har vore klassesamfunn. Klassemotsetningane har prega slavesamfunnet i antikken, føydalsamfunnet i mellomalderen og den moderne kapitalismen. Men denne siste har også ifølgje Marx skapt føresetnadene for eit klasselaust samfunn og dermed eit samfunn utan undertrykking, ved ei veldig utvikling av produktivkreftene, og ved å skape den moderne arbeidarklassen, som berre kan frigjere seg sj ...

                                               

Industrisamfunn

Industrisamfunn kan vera ei nemning på eit land, område eller kontinent som er industrialisert, eller på eit lokalsamfunn som er bygd opp rundt ei eller fleire industriverksemder. I eit slikt samfunn arbeider dei fleste innan industrisektoren. Industrisamfunn kan sjåast som eit overgangsstadium mellom eit jordbrukssamfunn og eit tenestesamfunn der tenesteyting er dominerande. Dei første industrisamfunna oppstod i Storbritannia på 1700-talet, sjølv om enkelte gruveområde og liknande til dømes i Bergslagen i Sverige var stader bygd opp på industriell verksemd. På 1800-talet og 1900-talet spr ...

                                               

Fleirspråkleg

Å vera fleirspråkleg vil seia at ein meistrar og bruker fleire språk. Eit menneske, eit samfunn, eit utdanningssystem og eit litterært verk kan alle vera fleirspråklege. Vanlegvis er det berre to språk som verkar saman, men det finst òg døme på at fleire språk gjer det, og mekanismane er nokolunde dei same anten ein snakkar om noko som er tospråkleg eller noko som er fleirspråkleg.

                                               

Sekulær

Sekulær er eit ord som hovudsakleg tyder verdsleg, altså noko som ikkje har med religion å gjera. Eit sekulært samfunn er eit samfunn der det er liten eller ingen samanheng mellom lovar og styresmakter på den eine sida, og religiøse påbod og leiarar på den andre sida. Sekularisering er nemninga på prosessen der eit samfunn blir mindre religiøst. Sekulariseringa og demokratiseringa av samfunna er to prosessar som historisk heng saman. Ein sekulær stat er ein stat som er nøytral i forhold til religion. Ein stat må vere sekulær for å vere fullt ut demokratisk, sjølv om sekularisme i seg sjølv ...

                                               

Kommunisme

Kommunisme er ein politisk ideologi grunnlagd av Karl Marx og Friedrich Engels. Kommunisme er òg eit omgrep som vert bruka om det kommunistiske samfunnet, eit klasselaust, statslaust fridomssamfunn, og om dei samfunnsformene som skal fremja ein overgang til eit slikt framtidssamfunn. Innan marxistisk teori er kommunisme namnet på eit samfunnssystem der den private eigedomsretten er oppheva og eigarskapet til produksjonsmidla er overført til fellesskapet. Sentralt for kommunistane er at samfunnet er klassedelt, og at ein i eit kapitalistisk samfunn har ein konflikt klassekamp mellom kapital ...

                                               

Republikk

Ordet republikk kjem frå uttrykket res publica på latin. Det betyr noko slikt som "samfunnssaker". Ein republikk er eit styresett der statsoverhovudet på ein eller annan måte er valt av folket, i motsetning til eit monarki, der det å vere statsoverhovud, altså staten sin formelt øvste leiar, er eit verv som går i arv. Det fanst republikkar alt i antikken, både bystaten Athen og romarriket var republikkar ei tid. I nyare tid er republikanisme* i høg grad knytt til demokratiseringa av samfunnet sidan 1700-talet. Så lenge monarkane og andre hadde medfødde særrettar som gav makt over samfunnet ...

                                               

Akefalt samfunn

Akefalt samfunn er ei nemning på eit samfunn utan styresmakt som tvingar menneske til å lystre lovverk. I staden har "sosial kontroll" tatt funksjonen som styresmakta har i moderne samfunn. Eit akefalt samfunn treng korkje vere anarkistisk eller egalitært. Jakt- og fangstsamfunn er typiske akefale samfunn, i motsetnad til landbruksamfunn som har vore sett på som "høgkultursamfunn".

                                               

Samfunnsrekning

Samfunnsrekning er å nytte reknemessige metodar på samfunnsmessige oppgåver. Dette kan til dømes vere utrekning av levekostnads-, løns- og skatteforhold.