Топ-100
Back

ⓘ Norsk geografi - Norsk geografi, Geografi, Norsk Allkunnebok, Fysisk geografi, Samfunnsgeografi, Sanmarinsk geografi ..




                                               

Norsk geografi

Noreg er eit land i Nord-Europa som ligg vest og nord på Den skandinaviske halvøya. Det grensar til Nordsjøen i sørvest, Skagerrak i sør, Norskehavet i nordvest, Barentshavet i nord. Noreg har grense mot Sverige i aust, og kortare grenser mot Finland og Russland i nordaust. Noreg er det nest minste sirkulære landet i verda og har ei langstrekt form og ei av dei lengste og mest kuperte kystlinjene i verda med om lag 50 000 øyar, holmar og skjer. Fastlandet strekkjer seg over 13º breiddegrader, frå 58 ºN til meir enn 71 ºN Svalbard nord til 81 ºN og frå aust til vest strekkjer det seg frå 5 ...

                                               

Geografi

Geografi eller landkunne er studiet av jordoverflata, både korleis ho ser ut fysisk og korleis folk lever der. Eit norsk ord for geografi er "jordskildring", noko "geografi" også tyder, sett saman av dei greske orda gê og graphein. Feltet kan også ta for seg kva ressursar som finst og kva som vert produsert ulike stader, klima, kor menneske bur, og korleis dei lever. Geografi kan delast inn i to undergreiner, naturgeografi og samfunnsgeografi. Begge greinene er tverrvitskaplege, med innslag av til dømes hydrologi, geologi, klimatologi, sosiologi og matematikk. I tillegg omfattar det store ...

                                               

Norsk Allkunnebok

Norsk Allkunnebok er eit ti-bands nynorsk leksikon som vart utgjeve på Fonna Forlag i tida frå 1948 til 1966. I tillegg kom det ut eit eige atlasband. Redaktør for verket var Arnulv Sudmann. I redaksjonen elles sat Peder Galdal, Sivert Langholm, Kåre Tveito, Ragnar Øvrelid og Jostein Øvrelid. I alt bidrog om lag 350 medarbeidarar med artiklar til allkunneboka. Arbeidet var for ein stor del gjort utan betaling, rekna som kulturelt dugnadsarbeid. Etter estimat gjort ved Norsk Ordbok er Norsk Allkunnebok på ca. seks millionar ord. Norsk Allkunnebok var det første norske leksikonet som vart ut ...

                                               

Fysisk geografi

Fysisk geografi er ei grein av geografi som tek for seg korleis fysiske krefter verker inn på og endrer tilhøva på jordoverflaten, i havet og i lufta. I ein snever forstand kan det visa til læra om jorda sine former og utviklinga deira i felt som geomorfologi, glasiologi, klimatologi og hydrologi, og ha mykje til felles med geologi. I svært vid forstand kan det vera om lag det same som naturgeografi, som også omfattar biogeografi.

                                               

Samfunnsgeografi

Samfunnsgeografi er eit av to hovudfelt i geografifaget. Den andre er naturgeografi. Samfunnsgeografi fokuserer på korleis menneskeleg aktivitet er organisert frå eit geografisk perspektiv. Fagfeltet kan delast inn i fleire greiner som dels overlappar kvarandre, som befolkningsgeografi, bygeografi, økonomisk geografi, jordbruksgeografi, transportgeografi, rekreasjonsgeografi og sosialgeografi.

                                               

Sanmarinsk geografi

San Marino er eit land i Sør-Europa, ein enklave sentralt i Italia, som landet har ei 39 km lang landegrense mot. Han er det minste sjølvstendige staten i Europa etter Vatikanstaten og Monaco. San Marino er dominert av Apenninane. Landet har eit areal på 60.5 km². Det har eit fuktig subtropisk klima til maritimt klima med milde til kjølige vintrar og varme, solrike somrar. Med fjell i alle kantar er landet kjend for å utvinning av byggestein og berre 17 % av landet kan dyrkast. Fleire elvar renn gjennom landet og dei største av desse er Ausa, Marano og Rio San Marino.